top of page
Retromøbler, piano, koselig belysning og atmosfære

ÅPNINGSTIDER 

Mand - Onsd: 11.00 - 16.00
Torsdag: 11.00 - 16.00
Fred - Lørd: 11.00 -16.00

Søndag: 12.00 - 16.00

Offentlege høgtidsdagar har me stengt

OM USS - TID STIFTELSEN
 

TID STIFTELSEN
 
TID stiftelsen er eigar av TID kafe&landhandel AS, som starta som pilotprosjektet Kafe TID i 2017.

TID stiftelsen ein ideell aktør som i samskaping med  offentleg, privat og frivillig sektor jobbar med sosial innovasjon. I tillegg til å vere ein urban kafe midt i Ål sentrum, har me eit praksisførebuande løp for effektiv integrering i norsk språk og arbeidsliv, eit skulematprosjekt for ungdom og aktivitet og arbeidstrening. 

Vårt verdiløfte: TID sikrar attraktive arbeidstakarar, med mangfaldskompetanse, for den norske arbeidsmarknaden. Gjennom tid i eit trygt miljø, blir livserfaringar, bakgrunn og bagasje viktig kompetanse. Kvar deltakar får tid til utvikling i eige tempo, og blir samtidig møtt med forventningar om å delta i ein reell arbeidssituasjon. Dei er ikkje brukarar på tiltak, men kollegaer i eit arbeidsfellesskap.

Den innsikt målgruppa har bidrar til å løyse samfunnsutfordringar på nye måtar, gjennom vår metode TID miljø: Eit frirom frå stigma og samfunnsskapte kategoriar - som gir tillit, inkludering og deltaking - i arbeidsliv og lokalsamfunn. Metoden er fleksibel og dynamisk og bidrar til tidleg intervensjon ift lokale utfordringar. 
 
 





 

TID: Står for tillit, inkludering, deltaking. 

 

bottom of page